Agderposten

Magasin

Slik solgte de blåbær for millioner

Slik solgte de blåbær for millioner

I desse dagar legg mange søndagsturen til skogs, og kjem kanskje heim med gode turminne og nokre liter bær som ein kan sylte eller safte og kose seg med ut over vinteren. For ein liten mannsalder sidan var blåbærhausten forbunde med hardt arbeid, men også med klingande mynt.

annonse

$render.recurse($ctx, '$!content.translatedCode')

I mellomkrigstida var det stor arbeidsløyse og tronge tider. Men i skogane fanst det mengder av blåbær som kunne haustast heilt gratis. Og det fanst ein marknad for desse bæra på andre sida av Nordsjøen.

Lange haustdagar til skogs med blå fingrar og verkande rygg blei difor det som berga økonomien for mange. Det var ikkje uvanleg at ein kjøpte strømper og sko på borg til barna sine til 17. mai, og betalte når «bærpengane» kom.

Og det finst mange historier om ungdom som plukka blåbær for å få pengar til konfirmasjonsklede, klokke eller sykkel.

Kor store inntekter det kunne dreie seg om, kan illustrerast med kommunebudsjettet i Gjøvdal, som på denne tida var ein eigen kommune. I 1927 var heile budsjettet på 29 000 kr. Same året hadde folk i Gjøvdal ei samla inntekt frå blåbærsalet på 21 000 kroner. Korleis kom dette bæreventyret i stand?

Aust-Agder bærlag

Sørlandskysten ligg som kjent nær marknadane ute i Europa, og har godt klima for frukt og bær. Eksport av bær starta alt på slutten av 1800-talet, med bøndene rundt Arendal og Grimstad som sende rips og solbær med skip til England. Den første tida var kvar bonde sin eigen eksportør, og både kvalitet og pris kunne variere.

Se dette bildet i full størrelse
Frå boka «Aust-Agder Landbruksselskap 150 år» - BLÅBÆRTRANSPORT Norske blåbær i hamna i Newcastle.

BLÅBÆRTRANSPORT: Norske blåbær i hamna i Newcastle.Foto: Frå boka «Aust-Agder Landbruksselskap 150 år»

I 1923 blei Aust-Agder Bærlag etablert for å koordinere eksporten betre. Samtidig dukka ideen om å sette i gang eksport av blåbær opp. Den var på denne tida større mengder av blåbær i skogane enn i dag, kanskje på grunn av måten skogsarbeidet blei drive på.

Blåbæreksporten blei blei raskt ein av hovudgeskjeftane til bærlaget. Mellom 1923 og 1930 eksporterte Aust-Agder Bærlag til saman 409 690 korger blåbær, 32 676 korger solbær, 9 881 korger rips og 459 korger tytebær til England.

Dette gav ei samla inntekt på 1 320 000 kroner.

Ei næring i vekst

Aust-Agder bærlag var det første bærlaget i landet, men det blei snart etterfølgd av Øst-Norsk bærlag og fleire bærlag på Vestlandet, Trøndelag og heilt opp til Finnmark. Felles for dei var at dei heldt til i skogrike i distrikt med forbindelsar til kysten og faste skipsavgangar til England.

Laga blei organiserte som kooperativ, og det blei vedtatt standardiserte reglar for sanking, reinsking og pakking av bær. Det var underavdelingar i dei ulike bygdene, og etter kvart blei heile apparatet samla under Norges Bærlag. Landbruksselskapet oppnemnde bærkontrollørar som skulle godkjenne kvaliteten på bæra og foreta utbetalingane på slutten av sesongen.

Organisering i bærlag førte til rekordauke i plukking og eksport av blåbær. I Aust-Agder blei det i 1923 plukka 5 000 korger blåbær.

annonse

I 1928 var talet 142 000 korger. Nokre år blei sesongen øydelagt av frost. I 1934 blei det t.d. berre eksportert 27 500 korger blåbær.

Men samla sett blei det i perioden 1923-1935 eksportert 3,6 millionar liter blåbær til England, og det blei utbetalt til saman 1 882 000 kroner til bærplukkarane.

Berpiling å pæning

I vårt distrikt blei det levert blåbær frå område både i Vegårshei, Tvedestrand, Risør, Grimstad, Lillesand, Kristiansand og bygdene i Setesdal. Men dei som leverte desidert mest blåbær var Åmli, Gjøvdal og Froland.

I novella «Rakkarskleiva» skildrar Thor Thorsen den hektiske stemninga som spreidde seg i barndomsbygda Dølemo når bærtida nærma seg:

«Dei vaksne var straks over meg: Nå ska du væl bjynne å pile bær å tene pæning? Pettersen kjæm ti vika, veit du væl? Hår ska dykk bjynne å pile? I Austheia? Å, eg kjende det så vel. Folk blei liksom annleis når bærplukkinga begynte. Dei blei så nysgjerrige. Alle tenkte mest berre på «berpiling å pæning». Det gjaldt om å vite kvar ein kunne finne bæra, og det gjaldt å kome først.»

Sofus Pettersen var bæroppkjøpar frå Grimstad, og frakta blåbær frå Dølemo og bygdene i vest til kysten med lastebil.

 - D/S Nisser med blåbær i Treungen. (Eigar Åmli historielag)

BLÅBÆRBÅT: Åmli historielag)

Men den raskaste transporten gjekk med tog frå dei bygdene som låg nær toglina. Arendalsbanen blei ført fram til Åmli i 1910 og vidare til Tveitsund (Treungen) i 1913.

Turen frå innlandet til kysten, som tidlegare var ei dagsreise, kunne dermed gjerast unna på nokre få timar.

Marknadsplass i skogen

Før bæra kunne lastast om bord i toget, måtte dei fraktast til lokale oppsamlingsplassar – på ryggen det første stykket i heimelaga bærkassar laga av finer eller gamle sildekassar med lokk og sele – og vidare langs bygdevegane med sykkel eller hest, eller over elvar og vatn i båt.

På oppsamlingsplassane måtte bæra reinskast, før dei blei pakka i standardiserte sponkorger og godkjent av ein bærkontrollør som vog kvar korg, sjekka kvaliteten og førde rekneskap for kvar plukkar.

I ein artikkel i Agderposten frå 1935 får vi eit innblikk i korleis det kunne arte seg ein haustdag på Smeland når Gjøvdølane samla seg med nyplukka blåbær:

«Staden såg mest ut som ein marknadsplads. Folk kom med store kassar på ryggen og hestar med kløv av blåbær. Kaffi vart koka, og medan folk fekk seg mat og kaffi vart dei siste utsikter for bærprisane dryfta. So kom Aslak Aamland med bilen fullpakka med tomme korger, og medan korgene vart fylte, kontrollera og sauma vart mang ein god stubb fortalt.»

annonse

Til Smeland kom bærplukkarar heilt frå Birtedalen og Fyresdal. Enkelte hadde rodd ei halv mil langs Nesvatn. Det var fleire tilsvarande oppsamlingsstader rundt om i grendene. Ein avisartikkel frå 1924 fortel at det var kontrollstasjonar hos kjøpmennene både i Mykland, Gjøvdal, Tovdal, Åmli, Dølemo, Mjåvatn, Froland og Blakstad.

Se dette bildet i full størrelse
 - Aslak Åmliand med bilen som frakte blåbær frå Gjøvdal til Åmli stasjon. (	Eigar Åmli historielag)

BÆRBILEN: Åmli historielag)

Når bæra var kontrollerte, pakka og påsydd papir påtrykt «Finest norwegian bilberries. Aust-Agder Bærlag» og eit kontrollnummer, blei bærkorgene frakta i lastebil til nærmaste togstasjon, eller direkte til Arendal. Herfrå gjekk englandsbåtane «Bessheim» og «Blendheim» til Newcastle i Nord-England to gonger i veka.

Bæra var framme på marknaden etter to dagar, og mottakaren var William Bulman Ltd. Newcastle, som selde bæra vidare. Det blir sagt at mesteparten av bæra blei kjøpt av gruvearbeidarar og brukt dei til å lage blåbærvin. Kanskje var det kjend for folk som jobba lange dagar nede i mørke gruvegangar at blåbær også skulle vere godt for synet?

Eit lotteri

Bæra blei selde på auksjon, og prisen varierte med tilbod og etterspurnad. 1925 kunne ein få 5,25 kr pr. korg, medan 1929 var eit lågpunkt med berre 50 øre korga. Ein kunne også risikere dårlegare prisar dersom det kom saltvatn på bæra under overfarten, eller dersom bæra var våte. Oppgjeret til plukkarane kom først utpå hausten, etter salet i England var over.

I avisene finn ein årvisst artiklar om bærprisane desse åra. I ein artikkel frå 1924 kan ein t.d. lese:

«Norges landbrukskonsulent i England meddeler under 2. august: Der er er i denne uke gjort en liten begyndelse med eksport av blaabær fra Vestlandet hertil. Desværre var bærene vaate og til dels mugne, saa priserne blev derefter og dreiet sig efter kvaliteten frå 1 shilling til 3 shilling (kr. 1,62-4,87) pr. kurv a ca. 3 kg. Skal bær komme frem i god tilstand, er det en absolut betingelse at indhøstningen foregaar i tørt vær, og at bærene er tørre».

Sørlandet hadde eit klimatisk fortrinn framfor Vestlandet i så måte. Blåbær var ferskvare med kort haldbarheitstid, og alt var avhengig av gode haustingsforhold og rask levering.

Sølvskeier og sjokolade

Aust-Agder bærlag kåra i mange år dei beste bærplukkarane i fylket. Vinnarane fekk ein diplom, og nokre gonger ei sølvskei. Gjøvdal var godt representera på denne premielista, med Torbjørg Aarli i 1931, Eivind Moe 1932 og Aslak Harstveit i 1933.

Aslak fortel at han på det meste plukka 110 liter blåbær på ein dag. Agderposten skreiv i 1942 at familien Jørgen Vehusheia på Dølemo var best i fylket med 1155 kg bær. Premien dette året var sjokolade; ei sjeldan vare under krigen.

Eivind Moe fortel at han tente han 6-700 kroner på blåbærplukkinga det året han vann prisen. Pengane var svært kjærkomne i tider då ein måtte slåss om ein 14-dagars jobb for 2,80 kr dagen.

Se dette bildet i full størrelse
 - På Homrdrom skule i 1930. (Eigar Åmli historielag)

Blåbærlevering: Åmli historielag)

Korgene som blåbæra blei pakka i var også produsert lokalt, og ein trong mange av dei. Kvar korg tok 3,5 kilo bær. Korgene var fletta av furuspon, skore til med ein spesiell høvel.

Aslak Harstveit fortel at Olav J. Smeland, som hadde ei hofteskade og vondt for å gå i skogen, i fleire år produserte sponkorger for sal. Han kunne lage 50-60 korger om dagen. Prisen pr. korg var berre nokre øre, så dagløna var ikkje så stor.

Bærlaga heldt kurs i korgfletting etter ein fast standard. Målet var både å halde utgiftene nede og bidra til den lokale husfliden. For å oppmuntre til produksjon av korger blei det også delt ut premiar til dei beste korgarbeidarane. I 1927 gjekk prisen til Gunstein Granli i Åmli, som dette året hadde lage over 5 000 korger. Premien var to sølvskeier.

Blekkfantar og fanden røske

Det var ikkje berre korgene som blei produsert lokalt. Å pukke bær for hand er tidkrevjande, og det blei difor konstruert fleire ulike variantar av bærplukkarar. Nokre var laga av gamle hermetikkboksar med «tenner» lodda på. Andre var av tre.

Dei kunne romme frå 1/2 og opp til 3 liter. Dei største plukkarane var ikkje nødvendigvis dei mest effektive – dei kunne vere tunge å bruke og sette seg lettare fast.

Mange reisande laga bærplukkarar og anna blekktøy som dei selde rundt på gardane. Dei gjekk difor også under namnet «blekkfantar». Ein spesiell variant av bærplukkarar blei produsert av Fineid Bruk i Drangedal under og like etter krigen av familien Solberg, som eigde bruket.

Se dette bildet i full størrelse
Frå boka «Rettleiing i høsting, sortering, pakking og lagring av bær og grønnsaker», 1942. - Bærreinsking

Denne plukkaren hadde eit langt skaft slik at ein slapp å bøye seg. Men plukkaren tok også med seg mykje rusk og rask på vegen, og blei på folkemunne kalla «fanden røske».

Også reinsking av bær var ein tidkrevjande prosess, og det blei eksperimentert med ulike typar reinskeutstyr. Ein variant mange brukte var bærrenne; ei skråplate med eit klede på der bæra rann ned i ei kasse medan bøsset blei liggande att på kledet.

Umogne og dårlege bær måtte plukkast ut for hand. Ein kunne også riste bæra på eit dronninggitter frå bikubar. Nokre prøvde å bruke kornreinsemaskiner, men desse var litt hardføre for blåbæra. Til tyteber fungerte det betre.

Bærtog og streng regulering

I krigsåra blei bær eit vesentleg tilskot til kosten, og det blei oppmuntra til bærplukking. Norges Bærlag fekk reservert eit parti spisesjokolade til premiering av bærplukkarar. Dei som leverte minst 25 kilo bær til godkjente mottakarar, fekk tilbod om å kjøpe to plater sjokolade på 40 gram.

Men bærplukkinga var strengt regulert, med faste dagar for ulike bærslag. Det var straffbart å plukke kart. Forsyningsdepartementet vedtok i 1942 at det var forbode å selje skogsbær til andre enn sjukehus og liknande anstaltar. Transport av skogsbær til andre enn Norges Bærlag var forbode.

Under og etter krigen sette NSB opp eigne bærtog på Sørlandsbanen. Toga gjekk frå Arendal til Treungen om morgonen og returnerte om kvelden. Passasjerane kunne stige av på alle stasjonane undervegs, og det var halv pris på billetten.

Denne trafikken heldt fram i fleire år også etter krigen. Men salet av blåbær til England avtok. I etterkrigstida kom fryseteknologi på marknaden, og ettersom sukker blei meir tilgjengeleg, overtok sal av syltetøy frå bedrifter som spesialiserte seg på dette.

Hageblåbær og helsekost

Det går ikkje lenger faste bærtog frå Arendal til dei indre bygdene i Aust-Agder. Men framleis veks det mykje bær både langs toglina, langs vegane og innover i skogane. Og oppover i dalføra kan ein ennå finne bærplukkarar frå kysten som har rigga seg til med campingbord i veglommene på fine haustdagar. Men ingen tener lenger pengar på dette, og mykje blåbær rotnar bort i skogane kvart år.

Se dette bildet i full størrelse
Elvarheim museum - PÅ BÆRTUR Bærkorger og bæplukkar frå utstillinga «På bærtur».

PÅ BÆRTUR: Bærkorger og bæplukkar frå utstillinga «På bærtur».Foto: Elvarheim museum

Se dette bildet i full størrelse
Elvarheim museum - BLÅBÆRKORGER Utstyr til å frakte blåbær i.

BLÅBÆRKORGER: Utstyr til å frakte blåbær i.Foto: Elvarheim museum

Mykje meir lettvint enn å sanke eigne bær er det å plukke med seg ein boks med amerikanske hageblåbær i butikken. Og på helsekostbutikkane kan ein få kjøpt blåbærpiller til 500 kroner eska. Det skal visst vere reine vedundermiddelet, proppa med antioksidantar og anna som er godt for helsa. Ein kan spørje seg om ikkje ein blåbærtur i skogen kan vere vel så helsebringande, og i alle fall mykje billigare.

Uansett er det verd å minnast ei tid då blåbærplukking ikkje var «berre blåbær», og då kreativ utnytting av lokale ressursar gav hardt tiltrengte inntekter som kom mange til gode. På Elvarheim museum i Åmli er det laga ei utstilling der du kan få vite meir om dette lite utforska kapittelet i Agders historie. Utstillinga er open kvar søndag i september. God bærtur!

Tonje Ramse Trædal,

Museumsstyrar, Elvarheim museum.

Kilder:

Andreas Vevstad 1981: Aust-Agder Landbruksselskap gjennom 150 år. Aust-Agder Landbruksselskap.

Andreas Vevstad 1989: Fangstmannsminne. Åmli boknemnd. Tvedestrand boktrykkeri

Thor Thorsen 1990: «Rakkarskleiva». Novelle trykt i Jol i Åmli

Artiklar om blåbærplukking og bærprisar frå Agderposten 1924-1942, Aust-Agder museum og arkiv