annonse

Innsendt: 101-åring på el-båttur – Dette er framtida

STYRER
STYRER: Mette Ellingsen styrer trygt og guidar med suveren lokalinnsikt gjennom Lyngørsundet. Frå venstre Rune Lien i Tvedestrand Venstre, el-båtgründar Ole Salomonsen i Green Waves, Mette Ellingsen, varaordførar June Marcussen og Ida Salomonsen i Green Waves. (Foto: Jan Kløvstad)

Elbåt fasinerte Mette Ellingsen (101) da hun lydløst fikk prøve en elektrisk båt i Lyngørsundet.

  • Innsendt

– Dette er framtida, seier 101 år gamle Mette Ellingsen, dronninga av Lyngør. 101 år og ein dag gamal styrte ho el-båt frå Gjeving-baserte Green Waves gjennom Lyngørsundet.

– Vi høyrer jo ingen lyd frå motor og ingen eksos, sa den spreke jubilanten, og skrytte av far og dotter Ole og Ida Salomonsen.

Green Waves monterer elmotorar og batteri både i små og mellomstore båtar. Firmaet vekker oppsikt både lokalt og på landsplan nå.

I neste veke blir Green Waves presentert i det store EU-finansierte interregprosjektet Grønne hamnar i Hvaler, og tysdag kunne Tvedestrands varaordførar June Marcussen overrekke Venstres miljøpris til Ida og Ole Salomonsen.

I grunngjevinga heiter det at Green Waves er ein framtidsretta bedrift som kan bidra til å gjere el-båtar like vanlege som elbilar.

– Nyskapande miljøbedrifter er viktige i kampen for betre miljø og for å oppnå dei viktige og livsnødvendige måla me har i klimapolitikken, sa varaordførar June Marcussen og stortingsrepresentant Grunde Kreken Almeland da prisen blei overrekt.

Og Mette Ellingsen er kanskje Norges eldste båtførar, som kombinerte sjøvant styring med suveren guiding gjennom Lyngørsundet.

Heilt lydlaust, klimavennleg og miljøvennleg, takk vere gründarar på Gjeving.

Artikkelen er publisert av Jan Kløvstad, via Sideblikk på nett

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt komme med synspunkter og informasjon. Vi krever fullt navn. Da blir det mer interessant for andre å lese det du skriver. Trakassering, trusler, hatske meldinger eller reklame aksepteres ikke på agderposten.no. Falske profiler utestenges. Vær saklig og vis respekt når du kommenterer.