annonse

Kulturskulane skal syngja jola inn

Hordaland møtte tre av solistane som var med på øvinga til storkonserten «Dig That Crazy Santa Clause» som går i Gamlekinoen 24. nvember. Frå venstre
SONGSTJERNER PÅ ØVING: Hilda Bastesen Storebø, Maren Viveli og Albulena Shumolli. I bakgrunnen trenar musikkorkesteret under leiing av Uldis Plepis. (Foto: Karl Ystanes)

+ 24. november kjem det til å svinga noko heise i Gamle­kinoen, når elevar frå åtte kultur­skular, Heine ­Totland og Twang Gang går på scena.

Karl Ystanes

I Gamlekinoen svingar dirigent Uldis Plepis staven framfor blåsarane. Han terpar og terpar.

– Ikkje sova når de skal inn, de må koma rett inn der, seier han, og veivar med den vesle kvite staven. Han ser bak mot blåsarane nokre sekund, så smiler han.

– Me skal ta publikum med storm frå fyrste sekund. Kom igjen, kom igjen, seier han, og tel opp. Snart er det jolestemning i heile kinoen. Solistane Maren Viveli og Albulena Shumolli frå Eidfjord kulturskule gjer seg klare til songen dei skal syngja opningsnummeret. Det er «Dig That Crazy Santa Clause», og snart er dei i gang.

Songtittelen deira er også namnet på oppsetjinga som kulturskulane no øver på, og som dei skal gjera saman med bandet Twang Gang, den kjende artisten Heine Totland, delar av Voss musikklag og 3. klassen ved musikklinja på Voss Gymnas.

Det er ein skikkeleg storkonsert dei øver på no.

I FJOR
I FJOR: Heine Totland på scena i Eidfjord før jola 2017, då «Dig That Crazy Santa Clause» vart framført der. Foto: Ingvild Siglen Berger/Arkiv

– Best å syngja for mange

– Det er veldig kjekt, heilt supert, seier jentene til Hordaland etter gjennomkøyringa. Dei er ikkje nervøse for at Gamlekinoen mest truleg kjem til å vera stappfull av folk den 24. november, på båe konsertane dei skal halda denne dagen.

– Nei, me er ikkje så veldig nervøse. Det er faktisk verre å syngja når det er lite folk som høyrer på, seier dei, og røper at dei øver ganske mykje no, både heime og på øvingane i Kultur­skulen. Jentene spring ned, medan Ingeborg Vik kjem opp for å syngja gjennom sin song saman med musikklaget.

Rundt i kinoen sit vaksne kulturskulelærarar, foreldre elevar og teknikarar. Det er ein tydeleg øvingsatmosfære der ein terpar på ulike ting, drøftar oppsettet, eller ventar. Det er eit kreativt kaos som likevel har ein plan.

Ei som nett har sunge, og som ventar i salen då Hordaland kjem på vitjing, er solist frå Voss Hilda Bastesen Storebø. Ho skal syngja «Let it snow» og «Run Run Rudolph». Ho er trygg på den fyrste, men songen om Rudolf må øvast litt meir på. Ho gler seg veldig til å halda konsert på heimebane på Voss.

– Det vert veldig kjekt, og eg er spent på kven som kjem. Me hadde jo denne konserten i Eidfjord for to år sidan, men då var det fleire frå familien min som ikkje hadde høve til å dra ned. Dei kjem no, så det vert bra.

Suksess i 2017

Det stemmer det Hilda fortel om Eidfjord. Dette er same storkonserten som kulturskulane sette opp i Eidfjord i 2017. Konserten vart ein braksuksess, der elevane fekk synt kva dei verkeleg er gode for, saman med eit strålande band, ein heilt eventyrleg sjarmerande og stødig Heile Totland, vakre sceneljos og tipp-topp lyd. Det har skjedd vedunderlege ting i kulturskulane siste tiåret. Konserten i Eidfjord var ein augeopnar for mange til å forstå kva elevane og lærarane faktisk held på med, og kor dyktige dei er.

– Slik vert det her i Gamlekinoen også, fortel Arnstein Klovning i kulturskulen i Granvin, snart assisterande rektor ved nye Voss herad sin kulturskule.

– Det er same konserten som i Eidfjord, men med fleire nye elevar. Mange av dei som var med i Eidfjord, er også er med her i år. Twang Gang stiller saman med Heine Totland, og repertoaret er amerikanske jolesongar for storband, fortel Klovning, som håpar det vert fulle hus den 24. november i Gamlekinoen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse