annonse

Gründerpris til Invertapro

HEIDER OG ÆRE
HEIDER OG ÆRE: Gründerprisen til Invertapro og Alexander Solstad Ringheim vart overlevert av Øyvind Ørbeck Sørheim (til høgre) i Norges Vel. (Foto: Sigrid Seim)

+ Alexander Solstad Ringheim har fått Norges Vel sin høgthengjande gründerpris, for arbeidet med å byggja opp insektproduksjon i bedrifta Invertapro.

Sigrid Seim

Torsdag heldt Alexander Solstad Ringheim innleiing for det felles kommunestyremøtet mellom Voss og Granvin. Det handla om insektproduksjonen hjå Invertapro, om prosjekta dei arbeider med, kva dei har oppnådd og om den spennande vegen vidare. Det å verta heidra med prisar har dei opplevd fleire gonger, og utan å vita kva som var i vente, understreka Ringheim kor viktig slikt er for motivasjonen deira, på dagar som ikkje er så ljose.

Etter innleiinga og spørsmåla som kom frå salen, opplyste ordførar Hans-Erik Ringkjøb om at administrerande direktør i Det Kongelige Selskap for Norges Vel, Øyvind Ørbeck Sørheim, var til stades. Han hadde i oppdrag å dela ut prisen som heng aller høgast hjå dei, Norges Vel sin Gründerpris.

Les og:

Berekraft i alle deler

– Styret i Norges Vel har valt å gje årets Gründerpris til Alexander Solstad Ringheim og Invertapro. Juryen har grunngjeve dette med det sterke fokuset på berekraft i alle deler av verdikjeda, og den effektive utnyttinga av avfall til å produsera høgverdig protein til dyrefôr og menneskemat, og til gjødselprodukt. Samtidig er det halde eit sterkt fokus på lønsemd og marknadsarbeid med tanke på økonomisk berekraft.

Sjølv om insektproduksjon er i sterk utvikling internasjonalt, er dette definitivt eit nybrotsarbeid i Norge, sa Sørheim.

– For å lukkast med denne typen pionerarbeid må ein ha evna til å samarbeida. Invertapro har vist at dei er svært gode på å samarbeida med forskarar og studentar, næringsaktørar, avfallsindustrien, Mattilsynet og investorar. Ved samarbeid og kunnskapsutvikling på denne måten skaper ein også resultat ut over si eiga verksemd, som er eit viktig bidrag til utviklinga av ei ny, spennande og berekraftig næring i Norge.

Spådde ljos framtid

Øyvind Ørbeck Sørheim kjenner seg trygg på at Invertapro har livets rett i åra framover, og at det kjem til å verta skapt nye berekraftige arbeidsplassar og fleire spennande satsingar og nye produkt i åra som kjem.

Prisen som han overleverte er ei sylvmedalje, som vert delt ut i tråd med Norges Vel sin visjon om livskraftige lokalsamfunn.

Mottakaren takka for den overraskande prisen, og inviterte deretter på smaksprøvar av insektsnop med chilismak. For tida har Invertapro åtte tilsette, i nye lokale på Istadmyrane. Dei er involverte i fire-fem forskings- og utviklingsprosjekt, og håpar å koma i gang med fullskala produksjon av dyrefôr om tre til fire år.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse