annonse

Startar kjøkenhage og gårdsutsal ved gjestetunet

Kjøkenhage
Kjøkenhage: Kjøkensjef Iselin Borge er oppteken av at maten skal vera mest mogleg lokalprodusert - gjerne frå eigen hage. (Foto: Øystein Lid)

+ Etter eit par år i dvale, startar kjøkensjefen ved Bjørnefjorden Gjestetun opp att lokal produksjon av grønsaker, urter og bær.

  • Øystein Lid

Iselin Borge står og ser på vårløk og rabarbra som for lengst har dukka opp av jorda i hotellhagen. I kvar sin kasse rundt oss står ulike typar grønsaker og urter og gjer seg klare for sesongen.

- Tidlegare brukte kjøkenet av det som voks i hagen, men no har det lege brakk ei stund. Det blei til dømes bestilt mynte frå grossist, sjølv om det voks mykje av det her i hagen. Det hadde nok med tidspresset i kvardagen å gjera, men eg tenkjer det er viktig å ta den ekstra tida det tek og plukka det som veks villig vekk i hagen, seier Borge.

For å få det heile opp og gå att har ho arrangert ein liten vårdugnad med rydding og planting.

Skaparglede og yrkesstolheit

Borge starta i jobben for berre eit halvt år sidan, og har no øvste ansvaret for det matfaglege ved hotellet. Tidlegare jobba ho for Bryggen Tracteursted som også hadde ein liten urtehage like utanfor. Kunnskapen derifrå har ho altså teke med seg til gjestetunet der det snart skal veksa kjørvel, persille, dill, brønnkarse, sukkererter, redikk og knutekål i hagen.

- Det er ikkje vits i å planta ting som me ikkje har bruk for i restauranten. Desse urtene og grønsakene går det mykje av, seier ho.

I tillegg til å spara nokre kroner, trur ho også at det skal bli eit positivt innslag i kvardagen for dei tilsette.

– Eg trur det vil bli litt deilig etter ein travel dag å kunna gå ned hit, sona litt ut, og henta litt inspirasjon til neste dag i kjøkenhagen. Å jobba i restaurant er veldig arbeidskrevjande, og eg merkar sjølv at det å koma ned hit hjelper meg å finna tilbake til det grunnleggjande og kvifor eg valde å bli kokk, seier ho.

- Kvifor er det viktig for deg å bruka eigenproduserte råvarer?

– Eg trur at det å ha skapt ein større del av det du serverer sjølv, aukar stoltheita du har over produktet. Du får ein større nærheit til naturen og til lokalmiljøet i maten, og det er noko som er fint å trekkja fram når du serverer maten. Råvarene til denne retten har me faktisk dyrka like utanfor, seier ho. Som døme nemner ho riven knutekål med rømme, salt og pepper som er eit enkelt og godt tilbehør t.d. til grillmat.

Viktig med lokal identitet

Ein vel så viktig del av det, er den lokale identiteten ein byggjer ved å nytta mest mogleg lokalproduserte råvarer. I tillegg til hageprosjektet, har den nye kjøkensjefen også mål om å nytta flest mogleg lokale mat-leverandørar. Nyleg vart den første bestillinga sendt til Bente Getz i Samnanger og til Ostegården på Krokeide, som er dei næraste osteprodusentane.

– Det handlar rett og slett om kva identitet me har. Vår lokale identitet er avhengig av at me brukar lokalmiljøet og ikkje berre råvarer frå ein stor leverandør, seier ho.

At ein i same slengen hjelper kvarandre med å halda hjula i gang, er ein positiv bieffekt. – Å vera del av eit lokalmiljø betyr å vera avhengige av kvarandre. Som matprodusent er du avhengig av at lokale hotell og restaurantar vil kjøpa produkta dine, og på same måte er me avhengige av dei. Det er ein gjensidig vinn-vinn-situasjon, seier ho.

Det som ikkje finst lokalt, tingar dei frå større leverandørar.

Gårdsbutikk-eksperiment

Ein annan kategori råvarer som det veks ein del av i hagen er frukt og bær. Rips, stikkelsbær, solbær, eple og plommer har i alle år vore ein sjølvsagt del av Bjørnefjorden Gjestetun, som før i tida var gard.

– Det er ein veldig fin tradisjon å ta vare på. Så når sesongen kjem vil me laga syltetøy og starta hermetisering. Plommer er jo f.eks. kjempefine å ha på glas, seier Borge.

Ho røper at dei også leikar med tanken på å starta eit lite gårdsutsal av sjølvproduserte matvarer.

– Eg tenkte: Kvifor ikkje? Me har råvarene og kunnskapen til å laga produkta. Det er eit eksperiment som eg synest er veldig gøy om me får til.

Frå før har dei teke inn eplemost frå Øystese-garden Spilde, som også vil bli ein del av sortimentet. Borge ser ikkje bort frå at andre leverandørar også kan vera med, dersom det blir ein suksess.

ol@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut