annonse

Går rettens veg etter sauedrama

Rettssak
Rettssak: Sauebonde Even Rennehvammen i Uvdal var oppgitt då Mattilsynet tok med seg og avliva sauene hans. No krev han erstatning og oppreising. (Foto: Caroline Utti)
Sauetomt
Sauetomt: Gardstunet er tomt etter at Mattilsynet tok med seg og avliva sauene til Even Rennehvammen. (Foto: Caroline Utti)
Erstatningskrav
Erstatningskrav: Bjørn Solheim er engasjert som advokat for sauebonden i Uvdal. (Foto: Arkiv)
Leitar etter fleire sauer – krev at bonden stiller opp

+ Sauebonde Even Rennehvammen i Uvdal går til rettssak mot Mattilsynet. Han krev erstatning for at 65 sauer vart henta og slakta.

  • Torbjørn Gunhildgard

For snart to veker sidan troppa Mattilsynet, politiet og slaktebil frå Nortura opp på garden Gjermundrud i Uvdal og henta og avliva 65 sauer.

Tapte i retten

Det skjedde to dagar etter at Kongsberg og Eiker tingrett hadde slått fast at sauehaldet til Even Rennehvammen ikkje er i tråd med dyrevelferdslova.

Mattilsynet har i fleire år vore kritisk til sauehaldet til bonden i Uvdal og kravde at Rennehvammen avvikla drifta. Det skjedde ikkje, og Mattilsynet konkluderte i vår med at drifta må avviklast og sauene avlivast.

Rennehvammen anka avgjerda til tingretten, men anken vart avslått.

Advokat Bjørn Solheim vart i all hast kontakta av sonen til Even Rennehvammen som ville overta sauene til faren. Solheim forhandla med Mattilsynet då dei stod i gardstunet for å få utsett avlivinga, utan å lykkast. Det enda med full nedslakting.

Rettsleg etterspel

No er det klart at den dramatiske avlivingsaksjonen får eit rettsleg etterspel. I samråd med advokat Solheim har Even Rennehvammen bestemt seg for å krevja vedtaket om avvikling av sauehaldet kjent ugyldig og erstatning for økonomisk tap.

– Me kan ikkje sjå at sauehaldet er så dårleg at det ikkje er grunnlag for vidare drift. Me vil krevja vedtaket ugyldig og erstatning for økonomisk tap og personleg belastning. Me reagerer også på måten det skjedde på, seier Solheim til Hallingdølen.

Han er no formelt engasjert som Rennehvammens advokat.

– Søksmålet er ikkje klart enno, så erstatningskravet er ikkje talfesta enno. Hovudsøksmålet vil bli klart i løpet av juni som er ankefristen, seier Solheim.

Rapport: «Sauedrifta grei»

Tilsynsrapporten frå småferådgivar i Nortura Øst, Eirik Kolbjørnhus, er ei tungtvegande årsak til at Rennehvammen går til søksmål mot Mattilsynet.

Kolbjørnhus har vore på fleire tilsyn hjå Rennehvammen utan å finne så graverande brot på dyrevelferdslova at det er grunnlag for avvikling og nedslakting.

Tilsynsrapporten etter besøket i februar i år konkluderer blant anna med følgjande:

«Søyene og lamma var generelt i ok hold og helsetilstand med noen unntak som enkelt kan ordnes opp i. Sauedrifta hos Rennehvammen er generelt grei, men har noen forbedringspunkter. Med mindre justeringer i opplegget vil dette være fullt mulig. Nortura v/Team småfe øst vil kunne tilby Rennehvammen tett faglig oppfølging i kommende år».

annonse